top of page

Attraksjoner

Her er nokre av attraksjonane som er i nærområdet, som visar at det finst noko for ein kvar smak. Det er sjølvsagt mange andre, som vi gjerne fortel gjestane om når dei kjem på besøk. 

natur1700x1060-16.jpg

Atlanterhavsparken

Opplev livet i havet utanfor norskekysten. Atlanterhavsparken i Ålesund har Nord-Europas største og mest unike saltvannsakvarium. Dei har også Europas største anlegg for sel, Humboldt-pingviner, otere og mykje anna spennande. 

Foto: Sponkand

bølgebassenget.jpg

Badeland

Det er to forskjellige badeland i regionen. Bybadet er lokalisert i Ålesund og er én time unna rorbua. Det er same tidsavstand til Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Begge badelanda har eit variert tilbod som gir brukarane gode opplevingar. 

Foto: Bybadet

Loen skylift

Pendelbana til Loen Skylift er ei av dei brattaste i verda. I løpet av fem minutt tek bana deg frå fjorden og opp til Hoven (1.011moh.).  Anlegget er ein heilårs opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar så vel som barnefamiliar. Du kan for eks ake eller gå på trugetur om vinteren eller gå Via Ferrata om sommaren. 

Foto: Loen Skylift

Loen Skylift_Marius Beck Dahle_4068_2500.jpg

Sunnmøre museum

Sunnmøre museum i Ålesund fortel historia om levemåten i det gamle bondesamfunnet. I vakre Borgundgavlen har dei ei stor samling bygningar frå heile Sunnmøre. Her blir du kjend med korleis folk levde i det førmoderne Sunnmøre.

I båthallen fortel dei historia om båtutvikling og ferdsel til sjøs frå vikingtida og fram til at motorbåtane tok over.

natur1700x1060-20.jpg
valldal.jpg

Valldal aktivitetspark

Klatreparken ligg idyllisk til langs elva i Valldal. Det er åtte klatreløyper på totalt 1.500 meter. Løypene har ulik høgde og vanskegrad. To løyper for dei aller minste barna, fire familieløyper der to er enkle og to litt vanskelegare. I tillegg har dei to meir krevjande løyper for dei som likar det høgt og luftig. Dei har fleire zip-lines og dei lengste er over 125 meter. Enkelte zip-lines går over elva.

Foto: Erlend Hjelme

lunde-41.jpg

Lundefugl

Dette er ein unik moglegheit du ikkje vil gå glipp av. Ved fuglefjellet på Runde kjem du utroleg nær desse vakre og fasinerande fuglene. Nokon av dei vil vere berre ein meter unna deg. Gåturen opp til fuglefjellet er heller ikkje lang, 30-40 minutter. Legg inn Runde om du kjem til Sunnmøre i perioda april til siste halvdel av august. 

RIB-tur Geiranger

Liker du fart og spenning? Og samtidig kunne nyte indrefilten av Noreg? Då er kanskje ein RIB-tur i Geiranger noko for deg. Kombiner det gjerne med å oppleve kva Geiranger har å by på ellers. 

Foto: RIB Geiranger

natur1700x1060-18.jpg

Insta-tur

Trandal. Ei lita bygd med åtte fastbuande. Her er det pub, festivalar og eit yrande liv fleire helgar i året. Og like kjent er dei for eit motiv som har gått sin sigersgang på Instagram. Det er kort veg frå Vartdal til Trandal, så dette er ein nydeleg dagstur vi kan anbefale. Ta ei veke på Vartdal der du kombinerer det med ein dag eller to på rock-, country- eller bluesfestival på Trandal. 

trandal-2.jpg
bottom of page