top of page

Hjørundfjorden

Sæbø:

Sæbønestua:

Ein flott tur som gir ei nydeleg utsikt til fjordkrysset. Det er litt bratt tur, men det er vel verdt å gå turen opp til 640 moh. På vegen opp får du eit flott stopp ved Nedste Skaret, der det er satt opp ei hengekøy. Du kan også gå vidare til Grønskredhammaren, og er du skikkelig fjellvant og trygg i luftig partier er Lynghalstinden ein sikker vinnar. 

Dalegubben:

Eit av høydepunkta i Sunnmørsalpane. Utsikta frå toppen på 1.344 moh er noko heilt for seg sjølv. For dei fjellvante er dette ein tur ein må ta.

Skårasalen:

Toppen på 1.544 meter er ein lett tilgjengelig tur, men ein tung tur siden du må opp over 1.000 høgdemeter frå parkeringa ved Kvistadsætra. Luftig på toppen der du ser rett i fjorden, men det går fint å nyte det utan å gå heilt ut på kanten.  

Gunnarråsa:

Ein fin liten gåtur opp til ein kvilestad med huske, sittegruppe og hengekøye 370 moh. På vegen opp går du forbi utskjæringer av trestubbar. 

Urke:

Saksa:

To alternative ruter, det går an å sette att bilen på Sæbø sidan eine vegen er rett opp frå fergekaia. Det er også mulig å ta turen innom Leknesnakken, som er eit flott utkikspunkt på 529 moh. Saksa har faktisk tre toppar, der den nordligaste er den høgste. 

Urkegga:

Dette er ein tur ein må oppleve på ein fineværsdag. Utroleg vakkert og ein nytelse på alle mulige måtar. Saksa Turforening har gjort ein strålande jobb med stien og du kan kvile deg ved Egilbu, ein gapahuk med nydelig utsikt på kanten av egga. 

Standal:

Sylvkallen:

Av mange rekna som ei perle i fjorden. Den ligg på sørsida av Standal og du forserer 1.010 høgdemeter på veien opp til toppen på 1.310 moh. Toppen gir ei luftig utsikt over store delar av fjorden. 

Kolåstinden:

Ein topp (1.432 moh) som man kan gå opp med ski på beina på ettervinteren og våren, for dette er kanskje den mest kjente toppturen på ski i området. Dersom du vil opp på sommaren må du ha breutstyr og kunnskap om å gå på bre. 

Øye:

Slogen:

Ein majestetisk topp som ruvar i landskapet. Og den ser ikkje ut til å vere så enkel å bestige, men det er ikkje noko vanskeleg å ta seg til toppen. Men det er likevel ein tung tur. Det er luftig på sjølve toppen, men det er likevel mulig å leve med litt høgdeskrekk der. Det finst tre forskjellige ruter opp til 1.564 moh, så det kan vere greit å sjekke litt på førehånd kva for rute man ønsker å gå. 

 

Jakta:

På andre siden av fjorden ligg toppen som er 24 meter høgare enn Slogen. Turen er dårleg merka frå 800 meter over havet og det er også begrensa med mobildekning. Kjem du deg til topps her, vil du her som på dei andre toppane i området kunne nyte ei framifrå utsikt. 

Bjørke:

Gapahuk, Vikefjellet:

Dette er ein tur på 1,8 km til topps og du går 463 høgdemeter opp til toppen av Vikefjellet, der du finn ein gapahuk. Utsikta over Bjørke og fjorden er veldig flott.  

Tyssevatnet:

Det er to ruter opp. Den eine startar ved Bakketunet medan den andre har merka parkering på motsatt side av elva. Parkeringa er ved sidan av dei første husa. Tidsmessig er det ikkje noko stor skilnad. Ein flott tur med varierende natur. Og dersom ein ønsker å gå ein overgongstur kan ein gå til Norangsdalen. Noko som vil gi minne for livet, for det er ein av dei flottaste turane på Sunnmøre. Sjølve Tyssevatnet ligg på vel 650 moh. 

bottom of page