top of page

Geiranger

Det er fleire vegar dit frå Vartdal, men den vakraste går via Norangsdalen til den idylliske bygda Hellesylt. Har du ekstra god tid kan du ta ein avstikkar til Ljøen og gå ein tur opp i fjellet derfrå. Har det vore nedbør før du tek turen, er fossen på Hellesylt eit utroleg syn når dei store vannmassene dundrar ned i bygda. 

Fergeturen inn til Geiranger er ei fantastisk reise i seg sjølv. I den velkjente turistbygda står høgdepunkta i kø. Du kan gå eller ta båt til Skageflå, RIB-tur, leige kajakk, ta turen til Flydalsjuvet, gå langs elva i bygda, dra opp til Dalsnibba, køyre Ørnesvingane eller gå under Storsæterfossen. 

Skal du overnatte på Sunnmøre og besøke Geiranger, er rorbua som vi har til utleie på Vartdal eit godt alternativ. 

bottom of page