top of page

Turforslag

Sjekk noko av det området har å tilby. Vartdal er ein ypperleg stad å ha som utgangspunkt for veldig mange turar i regionen. 

natur1700x1060-25min.jpg

Vartdalstranda

Turmuligheitene er mange og svært varierte. Det er alt i frå enkle turar for småbarnfamilier til dei som elskar tinderangling. Vartdalstranda består av tre dalar, som alle har varierte og attraktive turmål.

runde-7.jpg

Ørsta

Kommunesenteret er 20 kilometer frå Vartdal. I tillegg til butikkar som dekker dei fleste behov, så finst det moglegheiter for forskjellige typar turar her også. 

Hjørundfjorden

Hjørundfjorden har fleire idylliske bygder som Sæbø, Urke, Trandal, Øye, Bjørke og Standal. Fjorden er 35 km lang og delar fjellmassivet Sunnmørsalpane i to. Fjorden er ramma inn med loddrette fjell som stuper ned til havnivå på begge sider. 

runde-4.jpg

Volda

Nabokommuna i sør til Ørsta. Ein dagstur til Galten er eit av høgdepunkta ein bør få med seg,  ein tur i Volda samt ein tur opp til Tyssevatnet på Bjørke.

galten.jpg
runde-6.jpg

Stryn

Fagre Stryn har fleire stadar som er verdt å legge inn på lista under eit opphald på Vartdal. Besøk Hjelle, Raksætra, Loen, Olden eller Briksdalsbreen.  

runde.jpg

Ytre Søre Sunnmøre

Solnedgang på Flø eller i Mulevika. Tur til Runde for å besøke fyret eller sjå Lundefugl frå ein meters avstand. Eller kanskje lokkar dei fantastiske strendene på Stadlandet. 

Geiranger

Geiranger blei i 2005 ein del av UNESCOs verdensarvliste. Året etter blei landskapsområda kåra til dei best bevarte blant alle UNESCOs verdensarvstader. Geiranger er ein perfekt destinasjon for ein dagstur. 

natur1700x1060-75.jpg

Tafjord/Valldal

Inngangsporten til Tafjordfjella og Reinheimen med nokre av dei flottaste fjellturane området har å by på. Og jordbæra i Valldal må ein bare smake på. Det er ein oppleving i seg sjølv.

IMG_1304.jpg
runde-3.jpg

Ålesund & omegn

Turen til Ålesund tek berre ein time. Jugendstilen gjer at byen i seg sjølv er ein attraksjon. Vakre Brosundet er eit postkort og dei 418 trappetrinna opp til Fjellstua er noko ein berre må oppleve i det sola går ned i vest. 

ski1700x1060-7.jpg

Skisenter/frikjøring

Det er mange moglegheiter for dei som er glad i å stå på eller gå på ski. Vartdal har eit eige skisenter, men det er fem senter til i regionen. I tillegg finst det veldig mange moglegheiter om ein er glad i toppturar med randonee og frikjøring.

Foto: Ole Sunde

bottom of page