top of page

Stryn

Raksætra:

Ein svært populær tur for dei som som er glade i å feste landskapet i sosiale medier. Denne sætra er lett tilgjengeleg og det tek berre om lag 30 minutter å gå frå parkeringsplassen. 

Hjelle:

Ei lita perle. Nok ein stad som er populær på Instagram. 

Loen:

Her står høgdepunkta i kø. Bade ved Lovatn feriesenter, stopp ved idylliske Breng Sæter og ta turen fram til Kjenndalsbreen. Eller kanskje du vil på ein skikkeleg fjelltur og då er Skåla ein tur mange dristar seg ut på. Loen Skylift kan passe for dei som ikke ønsker å gå til topps. Om du vil utfordre deg sjølv, kan du teste Via Ferrata. 

Klovane:

Ein nydelig fjelltur (982 moh) ved Oldevatnet. Belønninga er spektakulær utsikt over fjord, fjell, vatn og isbrear.

Briksdalsbreen:

Dessverre minkar breen år for år, men turen opp er fortsatt vel verdt det. Ein fin og lett gåtur tek deg opp til vatnet og breen. 

Det er vel ein time frå rorbua som vi har til utleie på Vartdal til Fagre Stryn. Det er perfekt å overnatte på Sunnmøre og ta bilen ein tur sørover. 

bottom of page