top of page

Ørsta

Gapahuken, Skåla:

Ein starter ved 140 moh og går opp til gapahuken, som er 410 moh. Du går på grus heile vegen. Dette er ein veldig fin kveldstur. Det er 1,2 km opp frå parkeringa. 

Saudehornet:

Ein tur som verkeleg er å anbefale. Startar på same stad som turen over, men går heilt til toppen som er 1.303 moh. Ein tung tur, som kan ta alt frå to til fire timar alt an på form. Kjem du deg til topps, så får du ei fantastisk utsikt. På vegen ned kan du også ta med deg Vallehornet.

 

Okla (Pølsa):

Ein fin liten tur som mange går. Spesielt fordi dei ønsker bilde når dei ligg i hengekøya med Ørstafjorden i bakgrunnen. Okla ligg på 615 moh. Turen tek om lag 45 min til én time. 

Mosegga:

Dette kan vere ein perfekt tur om ein ønsker å gå fra A til B,  då er ein avhengig av to bilar. Set bilen på Brudavollen. Køyr den andre bilen til Mossætra. Gå via Sandhornet til Brudavollen. 

Rorbua som er til utleie på Vartdal, er ein perfekt stad for overnatting på Sunnmøre når du vil ta ein stikktur til Ørsta. 

bottom of page