top of page

Ålesund

Ålesund er flott og sjarmerande og blir av mange rekna for Norges vakraste. Det finst mange forskjellige måtar å nytte byen eller naturen i området. Jugendstilbyen har ein arkitektur som er verdt ein vandretur i seg sjølv, kombinert med ein tur opp dei 418 trappetrinna til Fjellstua. Området oppe på Aksla, har mange turstiar. Det samme gjeld området ved/i Borgundgavlen. Ein annan populær tur er opp til Sukkertoppen. Ein lett og kort tur opp til 314 moh. 

Alnes er eit veldig flott turmål. Ein kan vandre langs stranda og berga mens storhavet slår inn eller gå opp på Johan Skytt, men å gå ut på sjølve steinen er ikkje for dei med høgdeskrekk. Der er også ein fin rundtur å gå opp på Storhornet. På motsatt side av øya er det fint å gå ut dei hundre metarane til Høggsteinen fyr. 

Er ein glad i havet, så bør ein ta turen til Molnes på Vigra, før eller etter ein har vore på Alnes. I dårlig vær er Bårevika ein fantastisk stad. Her leikar og dansar bølgene over eit rev. På ein fineværsdag kan ein gå ein fin rundtur, der mesteparten av ruta er langs sjøen, med fleire vakre små strender. Og så går ein opp og over ryggen på Molnes. Her får du ofte sjå ørna sirkle over deg. 

Rorbua som er til utleie på Vartdal, er ein perfekt stad for overnatting på Sunnmøre når du vil ta ein stikktur til Ålesund. 

bottom of page