top of page

Rorbua

nye-2NY.jpg
  • Høg standard

  • Fullt utstyrt kjøkken med blant anna kjøl/frys og vinskap

  • Treningsstudio

  • Soveplasser til åtte personar i fire forskjellige rom

  • To bad, eine med vaskemaskin, tørketrommel, strykebrett og skotørkar 

  • Gode parkeringstilhøve

  • Høghastighets WIFI

  • Kort gåavstand til butikk

Rorbua, som sto ferdig hausten 2019, ligg idyllisk til med flott utsikt over den mektige Vartdalsfjorden. Frå april 2022 tilbyr vi utleige av rorbua på vekesbasis. Rorbua ligg fyrst i den eine av to rekker med fem rorbuer, og er næraste nabo til Sjøbuda Ramoen. Den er 131 m² stor over to etasjar samt hems. Totalt har den inntil 8 (6+2) soveplassar. Rorbua er av høg standard med alt som trengs av møblar, koppar, kar og dyner/puter. Der finst også ein barnestol og reiseseng. Godt med parkeringsplassar.

Hovedetasje:

Etasja inneheld gang med skyvedørsgarderobe i speil, bad, toalett, stove og kjøkken. Det er inngang til to soverom frå gangen. Skyvedør med glas inn til stove/kjøkken og bad, og det er to skyvedører ut til altan. I stova er det trappenedgang til treningsstudio og eit stort bad/vaskerom. Det er varmekabler i hovedetasja på dei fleste rom,med unntak av soveroma, samt varmekablar i treningsstudio og bad i underetasja.

Stove/kjøkken:

Stove med romsleg hjørnesofa, bord og to Ekornes stressless med skammel. Spisebord har tilleggsplate med plass til 10-12 personar. Opa kjøkkenløysing med god benkeplass, skuffer og skap. Kjøkkenet er godt utstyrt med oppvaskmaskin, stort kjøl/frys, steikeovn med innebygd mikro samt nedfelt vifte i platetopp. Her er også vinskap. Liten hems med kose-/leseplass med to saccosekker. Glassrekkverk på begge hemsane ned mot stove/kjøkken.

Rorbu-11.jpg
Rorbu-10.jpg
Rorbu-13.jpg
Rorbu-3.jpg

Soverom:

Begge soveroma i hovedetasja har dobbelseng (i god kvalitet) med nattbord, kommode, stumtjenar og ein stol. Uttrekkbar stige til stor hems med sengeplass til tre personar. Dobbel sovesofa i oppholdsrom i underetasja.

Rorbu-21.jpg
Rorbu-20.jpg
Rorbu-4.jpg

Bad, hovedetasje:

Bad med wc, romsleg dusj og innredning med nedfelt vask.

Rorbu-14.jpg

Underetasje:

Treningsstudio med følgande treningsapparat: tredemølle, spinningssykkel, romaskin, løfteapparat, slynge, lette manualar, strikk, matte etc. Skyvedør ut til platting. Eigen inngang. Naust til fri benyttelse, evt lager.

Rorbu-6.jpg

Bad/vaskerom underetasje:

Med wc, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Innredning med benkeplate og utslagsvask. Innebygd strykebrett og strykejarn. Det er også skotørkar på badet.

Rorbu-7.jpg
Rorbu-8.jpg

Utebilder:

nye-4NY.jpg
nye-7.jpg
nye-8.jpg
bottom of page