top of page

Vartdalstranda

Rorbua som er til utleie på Vartdal ligger midt i smørøyet med tanke på alle dei fantastiske turmåla som finst i dei tre bygdene som utgjer Vartdalstranda. Ta di overnatting på Sunnmøre på Vartdal for å bo i nærleiken til fantastisk natur. 

Vartdal:

Storenakken:

Frå rorbua er det ein fin tur å gå på Storenakken. Det tek om lag 30 minutter. Utsikta er veldig flott med tanke på at ein kun er om lag 250 meter over havnivå.

 

Bergehornet:

Bergehornet tronar over bygda i sør. Fjellet er 1.024 meter høgt, og gir ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Ein flott topp å oppleve solnedgangen ifrå. Frå rorbua tek det opp mot to timar, men det går an å kombinere med å sykle delar av turen, slik at den blir kortare. 

Risanakken:

Risanakken er ein annan kort tur. Det tek 45 minutter opp frå vegen (1 time frå rorbua) om ein er i grei form. Her kan ein også gå videre opp til Sætshornet og Vardehornet. 

 

Den Julianske Borg:

Om ein er interessert i historie, kan det vere vel verdt det å ta turen opp til Den Julianske Borg. Der er to trojaborger i det same området, den minste vert kalla Den Julianske Borg og har ein diameter på ca 6 m. Isflålabyrinten, ligg lenger nord ved fjellet Vardehornet og har ein diameter på ca 9 m. Begge steinlabyrintene er tilnærma sirkelrunde og ligg på Daleheia, ca 900 moh.

 

Skorgedalen:

Skorgedalen er ein lett tilgjengelig dal der ein kan køyre opp til Busetsætra. Ein kan gå inn dalen nesten uten høgdemeter, eller ta turen opp på Levandehornet og ned att via Heidane til Skorgestøylen, der ein kan la seg friste til eit forfriskande bad.

Vassdalstinden:

Vassdalstinden er for den som likar å gå på tindar. Dette er det høgaste fjellet på Vartdal (1.277 moh) og det tek 5-7 timar tur-retur. Der er nokre luftige parti på denne turen. 

Sykling:

Det er fantastiske mulegheiter å sykle både langs gangfelt til nabobygda Nordre Vartdal, på grus og asfalt rundt bygda Vartdal, eller fram til sætrane på begge sider av dalen. Ein kan også sykle til Busetsætra og gå inn i Skorgedalen, ta seg eit bad i eit vatn, før man går ned og syklar heim. 

 

Nordre Vartdal:

Åvasstinden:

En nydeleg tur til ein topp som er luftig. Toppen er 1.233 meter høg og det er tre km ein veg. 

Sæter til sæter: 

Gå fra Vartdalsætra (Høgebakken) til Steinstøylen i Romedalen. Ein fin og roleg tur utan altfor mange høgdemeter. For dei som ønsker ein tøffare tur, kan ein gå opp på Hallehornet frå Steinstøylen, vidare langs ryggen til Middagshornet før ein returner nedatt til Vartdalssætra. Ein av dei flottaste turane i området. Utsikta er formidabel i alle himmelretningar. 

 

Barstadvik:

Molladalen:

Ein tur alle må gå. Dette er ein dal du ikkje må gå glipp av. Synet når du kjem opp i dalen er noko heilt for seg selv. Nydelige vatn er omkransa av dramatiske tindar. Er du tinderanglar, er det mange toppar å gå på, som ein av dei mange Molladalstindane eller Ramoen/Jønshornet. Og det er utroleg deilig med eit forfriskande bad i det kalde og klare vatnet. 

Middagshornet:

Dette er ein fin tur kor 360 graders utsikta er ei av dei fremste i Sunnmørsalpane. Du ser Molladalen, Kolåstinden, Romedal, Masdalskloven og Ålesund i vest. 

Masdalskloven:

Ein tur der du ser ut i storhavet. Og på toppen er du garantert å få kjenne suget om du vågar å sjå ned den rette fjellveggen. 

Bading:

Gopetjønna:

Gopetjønna er ei lita perle som stort sett kun dei lokale kjenner til. Framme i dalen på Vartdal ligg eit lite vatn som er flott å bade i. Men om det er tidleg på året eller mykje snø i fjellet, kan dette vere i kaldaste laget. Men truleg får du denne perla heilt for deg sjølv.

Trollskjæret:

Hit går du på fem minutter. Eit lite skjær like sør for rorbua. Dei lokale har i alle tider brukt dette som ein badeplass.

Barstadvik:

Lokalbefolkninga likar å kalle "Playa del Kaia" for kanskje Ørsta vakraste badestrand. 

Rjånes:

Ti minutters køyretur sør for Vartdal ligg eit kjent og populært badeplass.

bottom of page