top of page

Tafjord/Valldal

Jordbær:

Norges beste blir det sagt. Åleine er det nok verdt turen inn til Valldal, men det finst også flotte stader å gå på tur. 

I Reinheimen og Tafjordfjella finn ein mange aktuelle turar, vi skal nevne eit par her:

 

Flyene:

Turen startar ved Kaldhussæter. Den er ca 3,5 km lang og har ei stigning på 333 meter. Utsikta er heilt rå, så på ein fineværsdag er dette ein utroleg fin tur. 

Fieldfarehytta:

Ein lang tur for den meir erfarne. Det er 15 kilometer og 700 høgdemeter ein veg til hytta frå parkeringa ved Zakariasdammen. Det er muleg å legge inn overnatting på ei av DNT-hyttene, eller i telt. Landskapet varierar veldig og turen er fantastisk. Og ikkje minst opplevelsen av å gå inn i hytta som motstandsfolka brukte under krigen er unik og spesiell. Det er muleg å overnatte i hytta, som har plass til fire. Tafjordfjella og Reinheimen har utroleg mange fantastiske turar om ein ønsker å finne eit anna alternativ. 

Kanskje det heller fristar meir med rafting, for det er muleg å rafte ned Valldøla i ei 11km lang strekning. Om tida strekk til, kan ein køyre opp dalen til Trollstigen. På veien er det verdt det å stoppe ved Gudbrandsjuvet. 

bottom of page