
Kvar er rorbua?
Vi er lokalisert i bygda Vartdal, som ligg omtrent midt i Sunnmøre. Det er lett å finne oss, men dette er ein stad det er vanskelig å forlate.

Slik kjem du deg dit
Enklaste måten å ta turen er med bil eller fly. Og kjem du med fly, kan du leige bil, som er veldig kjekt å ha når du skal utforske området. Om du vil reise kollektivt med tog, må du ta det til Åndalsnes og ta buss derifrå.

Med fly
Det finst to flyplassar på Sunnmøre. Den næraste er Ørsta-Volda Lufthamn, som er berre 23 kilometer frå Vartdal. Det er Widerøe som flyg frå og til denne flyplassen.
Den andre flyplassen, Ålesund lufthavn på Vigra, er 55 km frå Vartdal. Både Norwegian, Widerøe og SAS flyr til Vigra.
Med bil
E39 går gjennom Vartdal og uansett kvar du kjem frå i landet, er det enkelt å ta seg til bygda og rorbua. Frå Trondheim er det 317 km via Molde (tre ferger) og via Åndalsnes 424 km (ei ferge). Frå Bergen er det 382 km, medan det frå Oslo er 559 km.
