top of page

Volda

Galten:

Ein enkel tur som gir eit bilde som alle vil ha, som ikke tek lenger enn 30 minutter. Har du høgdeskrekk, så kan turen ut på Galten bli vel heftig, men det er ikkje nødvendig å gå heilt ut på steinen. Det går også an å gå videre til Kornbergveten om ein ønsker ein litt lengre tur.

Rosethornet:

Fjellet sør for Volda med flott utsikt over bygda. Delar av turen er litt bratt, men det er ein grei tur. Du kan også velge å gå nedatt på baksida og då kjem ein ned ved Rotevatnet. 

Hornindalsrokken:

Ein mektig topp på 1.529 moh som er eit landemerke i området. Det går tre forskjellige ruter opp til toppen. Det er luftig på slutten, og er det framleis snø i fjellet, bør ein vere obs på rasfare. Varden ligg heilt ute på kanten, der det stuper 1.000 meter ned til Tyssevatnet. 

 

Lidaveten:

Ein topp som ligg like innanfor kommunegrensa til Volda. Ein fin tur på 40-50 minutter tek deg opp til 592 moh, og utsikta er formidabel i alle retningar. Ein veldig fin tur på kveldstid. 

 

Nakkebruna, Grodås:

Kort og enkel tur opp til dagsturhytta. Perfekt som familietur. 

Rorbua som er til utleie på Vartdal, vil være perfekt som overnatting på Sunnmøre for å oppleve det Volda har å by på.

bottom of page